Kvar går vegen vidare for norsk musikkterapi?
Velkommen til MUSIKKTERAPIENS VEGKRYSS, den fjerde norske konferansen i musikkterapi, 2.-4. juni på Fana Folkehøgskole utanfor Bergen, ved arrangør Norsk foreining for musikkterapi.
Tekst: Karette Stensæth, Leder for programkomiteen
Konferansen har fått temaordlyd “Musikkterapiens vegkryss: Styrking av fagpolitikk versus innovasjon i praksis og forsking”. Konferansen har altså vald å dra fram viktige arenaer for norsk musikkterapi; praksis, forsking og fagpolitikk. Når vi brukar ordet ”versus” i ordlyden for konferansen er det ikkje for å sette forsking og praksis opp mot fagpolitisk arbeid, i forståinga at ein av delane er betre enn den andre, eller at den eine delen er i ferd med å slå ut den andre. Tvert imot er ordlyden meint til å inspirere og engasjere til dialog om viktige agendaer som dagens norske musikkterapi står oppi.
Vi veit alle at musikkterapien inntar stadig nye arenaer og felt i praksis og forsking. Dette er både gledeleg og spennande, men kva betyr det for tilsetting, stillings- og arbeidsforhold for musikkterapeutane? Vi må fortsatt stille viktige spørsmål, som:
- Kvar jobbar norsk musikkterapeutar i dag? Kva jobbar dei med og kven samarbeider dei eventuelt med?
- Opplever musikkterapeutane å bli verdsett for innsatsen sin? Kva er dei eventuelle utfordringane?
- Korleis står det til med stillingar for musikkterapeutar i dag?
- Korleis er musikkterapeutar plassert i organisasjonen dei er ein del av?
- Har dei stillingsinstruksar, og er desse i så fall eigna for den jobben som blir utført?
- Kva med løna; er den riktig?
- Korleis er situasjonen for forsking på norsk musikkterapi?
- Kven verdset eventuelt musikkterapiforskinga?
- Rettar forskingsaktiviteten seg inn mot område der det er størst behov for dokumentasjon og kunnskapsutvikling, eller er den styrt av samfunnstrender? Og så vidare.
Seinast 5. mars i år kunne vi lese følgjande oppslag på Facebook-sidene til Senter for musikk og helse (SfMH) ved Norges musikkhøgskole: ”Musikkterapi hjelper rusavhengige! Det sier Helsedirektoratet. De anbefaler nå musikkterapi som behandling for mennesker som sliter med rusmidler og avhengighet.” Det er nytt for mange av oss, praktikarar som forskarar, at musikkterapi no vert anbefalt frå høgaste politisk hold! Det er gledeleg og skyldast nok innsats frå fleire hald. Den vaksande forskingsbaserte kunnskapen om musikkterapi skal ha litt av æra. Men vel så viktige er den sterke profesjonsutøvinga blant mange musikkterapeutar. Legitimeringa av musikkterapien hadde vel aldri gått så bra om det ikkje hadde vore for dyktige og dediserte musikkterapeutar. Det politiske engasjementet frå forskingssentra Senter for musikk og helse (SfMH) ved Norges Musikkhøgskole og Griegakademiets senter for musikkterapiforskning (GAMUT) ved Universitetet i Bergen fortener også hedar. Den må midlertidig forståast i samanheng med utviklinga av musikkterapistudiane både i Bergen og Oslo.
Alt dette har gitt avkastning politisk. Men det betyr ikkje at ”kampen” er over. Norsk musikkterapi skal fortsette å utvikle seg, både på praksis, forsking og på fagpolitikk. Musikkterapien i Norge er fortsatt sårbar. Feltet er lite, mange jobbar er usikre. Det fagpolitiske engasjementet opplevast som distansert av mange, og det er fortsatt vanskeleg å slå gjennom med forskingssøknadar hos dei som gir store (nok) midlar til viktig forsking. Som musikkterapeutar på mange arenaer må vi fortsatt vere vakne og delta ope i dialog, både med kvarandre og med samfunnet rundt oss. Viss ikkje kan både praksis, forsking og arbeidsforhold lide.
Med temaet “Musikkterapiens vegkryss: Styrking av fagpolitikk versus innovasjon i praksis og forsking” ønskjer den komande konferansen å inspirere og engasjere til brei dialog – for alle som er opptatt av framtidige vegval for musikkterapien.
Representantar frå LO vil delta på konferansen, og Norsk Forening for Musikkterapi lovar saman med underteikna alle deltakarar eit spennande program!
Bli med i dialogen om framtidas norske musikkterapi.
Velkomen til den fjerde norske musikkterapikonferansen i Bergen i juni!