Norsk Forening For Musikkterapi ble stiftet i 1972 og har som hovedmål å fremme forståelsen for musikkterapi og etableringen av musikkterapeutisk praksis i Norge.

GAMUT ti år:  Ny identitet, nytt fakultet,  nye tider?

GAMUT ti år: Ny identitet, nytt fakultet, nye tider?

Bilde: Bandet «Gatens Evangelium» spring ut av Lars Tuastads doktorgradsprosjekt om rockens rolle innan kriminalomsorg og ettervern. Bandet bidreg på GAMUTs jubileumskonferanse 30. november 2016. Foto: Rune Rolvsjord.

av Brynjulf Stige

Det skjer mange spennande ting på GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking hausten 2016, der vi m.a. førebur ein spennande jubileumskonferanse, utviklar ei nettsideløysing som reflekterer senteret sin «nye» tvillingssenteridentitet, og førebur overflytting av fagmiljøet til eit nytt fakultet for kunst, musikk og design ved UiB.

Jubileumskonferanse i Universitetsaulaen i Bergen: Den 30. november markerer vi at GAMUT er ti år i 2016. Vi gjer det ved å fokusere på forskinga sin relevans for tenestene, der vi like mykje ser ti år fram som ti år attende. Det vert innlegg ved forskarar frå GAMUT, men også ved brukarar og leiarar i helsetenestene, med refleksjonar over korleis og kvifor implementere musikkterapi. Og – ikkje minst, det vert flotte musikkinnslag som spring ut av musikkterapeutisk praksis, med «Kom Nærmere», «Gatens Evangelium» og «Diva and the Doctor».

Ny nettsideløysing: GAMUT er ti år, men berre dei to siste åra har vi formelt vore eit tvillingssenter som UiB og forskingsselskapet Uni Research samarbeider om. Tvillingssenteridentiteten synleggjer at dei to samarbeidande fagmiljøa er komplementære, med særleg vekt på kvalitative og kunstrelaterte prosjekt ved GAMUT-UiB og på kvantitative effektstudiar ved GAMUT-Uni. Til no har vi av praktiske grunnar mest brukt Uni Research sine nettsider til informasjon om senteret. Dette har skapt misforståingar om senteret sin identitet. Difor har tvillingsenteret no i haust fått ei ny felles nettside, sjå www.gamut.no (adressa er den same som før, men leier no altså fram til ei ny fellesside). Den nye fellessida for GAMUT vender seg særleg til eksterne brukarar i barneverns- og helsetenestene, der følgjande tre innhaldskomponentar er prioriterte: a) Informasjon om POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi, b) enkle kunnskapsbeskrivingar om musikkterapi innan ulike tenesteområde, og c) nyhende. I tillegg inneheld nettsida sjølvsagt informasjon om forskingsprosjekta våre, kurs og seminar, osb. Som før har både UiB og Uni Research eigne nettsider om sine grupper i GAMUT, med utfyllande informasjon om prosjekt og tilsette.

Nytt fakultet: Den 17. juni bestemte Kongen i statsråd at UiB skal overta verksemda til Kunst- og designhøgskolen i Bergen, med den konsekvensen at det vert etablert eit nytt fakultet for kunst, musikk og design frå 1. januar 2017. All aktivitet ved Griegakademiet, inklusivt musikkterapi og musikkvitskap, går inn i det nye fakultetet. Det er for det første ikkje kvardag at nye fakultet vert etablerte ved UiB. Sist det skjedde var i 1980, då Det psykologiske fakultet og Det juridiske fakultet vart etablerte. For det andre er det knytt store forventningar til etableringa, m.a. av di det kan gjere det meir realistisk å få reist eit nybygg til Griegakademiet og av di det vert mogeleg å etablere eit eige phd-program for skapande og utøvande kunst i Bergen. For musikkterapi ligg det også eit potensial i at den sannsynlege lokaliseringa for Griegakademiet sitt nybygg vil vere like i nærleiken av den planlagde Helsecampus Årstadvollen, slik at det vert mogeleg for oss å ha ein fot i eit sterkt kunst- og musikkmiljø og ein i eit internasjonalt orientert forskingsmiljø innan ulike helsefag og -profesjonar.

Vil eit nytt fakultet gje musikkterapifaget i Bergen nye tider? Det er sjølvsagt litt tidleg å seie, men det ligg fleire mogelegheiter i det som no er i ferd med å skje. Tvillingssenteridentiteten har vi så langt vore ganske åleine om ved UiB, men denne forma for organisert samarbeid mellom universitetet og Uni Research vert no løfta fram som ein del av institusjonen sin strategi for utvikling av internasjonalt orientert forsking, der «klynger» av kompetansemiljø har ein sentral plass. Dessutan reknar vi med at musikkterapi vert ein godt synleg del av det nye fakultetet, der det bør vere mogeleg å få til eit endå tettare samarbeid mellom fagmiljø og fakultetsleiing enn det vi har hatt så langt ved UiB. Eit slikt samarbeid har også vist seg å vere nødvendig dersom ein skal lukkast med større internasjonalt orienterte prosjektsøknader. Samstundes trur vi at det nye fakultetet kan verte ei god base for vidareutvikling av samarbeidet med praksisfeltet, m.a. gjennom POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi. Eit godt samarbeid med brukarar av musikkterapitenester er på mange måtar grunnfjellet som eit forskingssenter for musikkterapi står på, gitt at det er eit praksisorientert fag.

 

Nytt fra musikkterapistudiet i Bergen

Rockovery 1.0

Rockovery 1.0