Rapport frå generalforsamling i EMTC i Wien, Østerrike, 2016
“”The European Music Therapy Confederation was founded in 1990, as a forum for exchange between music therapists in Europe. The EMTC is a confederation of professional music therapy associations, working actively to promote the further development of professional practice in Europe, and to foster exchange and collaboration between member countries. The overall purpose of the EMTC is to nurture mutual respect, understanding and exchange between music therapists in Europe.””
Ramma rundt møtet i European Music Therapy Confederation var av det perfekte slaget. I musikkbyen Wien, og på MDW - Universität für Musik und darstellende Kunst. Møtet var lagt i forkant av den europeiske musikkterapikonferansen. Dei fleste landsdelegata var også involverte i konferansen på ein eller annan måte, enten med posters, foredrag, workshops eller nytt av året; The Dialogue Sessions, som på mange måtar erstatta keynoteforedraga, der underteikna og seks andre presenterte EMTC sitt arbeid.
På generalforsamlinga er det mange tema som årleg skal opp til handsaming.”European Music Therapy Register” har vore ein av gjengangerane. Dette registeret er no lagt på is. Interessen for eit europeisk register er fortsatt til stades - men det er også usikkerheten rundt viktigheten og ikkje minst behovet for eit slikt register. I løpet av det siste året har det ikkje kome inn nye søknader om å stå i registeret, som til no kun har 13 registrerte musikkterapeutar. Med ein potensiell søkermasse som nærmar seg 6000 musikkterapeutar, så seier det seg sjølv at dette ikkje har vore ein braksuksess (du kan lese meir på emtc-eu.com).
Det nye styret i EMTC. Frå venstre Agnes Varga, Alice Pehk, Esa Ala-Ruona, Melanie Voigt og Ingeborg Nebelung. Elide Scarlata var ikkje til stades.
Det viktigaste på generalforsamlinga i år, var val av nytt core board og styre. Core board består av tre delegat: President, general secretary og treasurer (leiar, sekretær og økonomiansvarleg). I tillegg til core board består styret av ytterlegare tre delegat, som er dei tre regionskoordinatorane for Region North, Region South og Region Middle. Når eit nytt core board skal velgast, så skiftar ein samtidig ut dei tre regionsleiarane, slik at ein får eit heilt nytt styre. President Esa Ala-Ruona (Finland), sekretær Melanie Voigt (Tyskland) og økonomiansvarleg Alice Pehk (Estland) vart valde til nytt core board, og dei er alle erfarne musikkterapeutar, forskarar og EMTC-delegat. Norges delegat (underteikna) vart vald til regionsleiar for Region North, og får dermed ein plass i styret, saman med Agnes Varga frå Ungarn som regionsleiar i Region Middle og Elide Scarlata frå Italia som regionsleiar i Region South.
Arbeidsgruppene fortsetter sitt arbeid, som i stor grad er nettbasert og pågår mellom kvar generalforsamling. Norge har fått ansvar for å drifte dei nye nettsidene til EMTC, som Norsk forening for Musikktrapi v/dagleg leiar Kristian Ulysesses Andaur har designa. Andre arbeidsgrupper har emner som etiske retningslinjer for musikkterapeutar, ”Vision and Mission Think Tank”, krav til CPD (Continuous Professional Development) i dei ulike land, samt arbeidet fram mot neste ”European Music Therapy Day”.
Neste generalforsamling er i Ede i Nederland i slutten av mai 2017.